Postdoktor i litteratur og generativ KI ved Senter for digitale forteljinga at Universitetet i Bergen
Bergen, Hordaland, Norway -
Full Time


Start Date

Immediate

Expiry Date

30 Aug, 25

Salary

0.0

Posted On

31 May, 25

Experience

0 year(s) or above

Remote Job

Yes

Telecommute

Yes

Sponsor Visa

No

Skills

Good communication skills

Industry

Information Technology/IT

Description

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling i litteratur og generativ KI ved Senter for digitale forteljingar, ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i litteratur og generativ kunstig intelligens (KI) ved Senter for digitale forteljingar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Planlagd oppstart er November 2025, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, og er en del av prosjektet AI Stories.
Om prosjektet:
Den som blir tilsett skal arbeide på prosjektet AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence, eit Advanced Grant frå European Research Council leia av professor Jill Walker Rettberg, med eit team beståande av to andre postdoktorar, to doktorgradsstudentar, ein forskingsrådgjevar, ein datahandteringsekspert og ein forskingsassistent. Prosjektet vil utforske og teste hypotesen om at djupe narrative strukturar i datasetta som blir brukte til å trene generative KI-modellar blir replikert og kanskje forsterka i tekstane KI-en produserer, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative fordreiningar. Di rolle i prosjektet vil vere å eksperimentere med generative KI-modellar for å teste hypotesar om KI-genererte narrativ.
Om instituttet og Senter for digitale forteljingar:
Instituttfor lingvistiske, litterære og estetiske studiumtilbyr forskingsbasert undervisning innan eit breitt spekter av studieprogram, inkludert digital kultur, kunsthistorie, teaterstudium, samanliknande litteratur, lingvistikk, skandinaviske språk og litteratur, norrøne studium, og norsk som andrespråk og norskkurs for internasjonale studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
Instituttet er stolt vert for Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking om humanistisk forsking innan elektronisk litteratur, spelstudium, digital kultur og databehandling for å fremje forståinga av digitale forteljingar. I 2025 vil CDN ha meir enn 30 forskarar og tilsette. Den som blir tilsett skal ha sin faste arbeidsplass ved CDN, som ligg i sin eigen bygning i hjartet av Universitetet i Bergen sin campus. CDN fokuserer på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale narrativ blir mottekne og behandla
Arbeidsoppgåver:

Vi ser etter ein forskar som er interessert i å kombinere reknebaserte metodar med litterær analyse, og som likar å arbeide saman med andre. Fase 1 av prosjektet AI Stories er allereie i gang og inneber å utvikle det teoretiske rammeverket for å bruke narrativ teori på KI-genererte historier. Den som er tilsettvil hovudsakleg arbeide på Fase 2, der vi utviklar hypotesar og eksperiment og testar dei ved å finjustere og bruke modellar og analysere resultata. Prosjektet sine to doktorgradsstudentar blir også tilsett i år og vil arbeide saman med degpå Fase 2: den eine vil vere ein litteraturvitar som vil bruke «prompt engineering»og litterær analyse, og den andre vil bruke digitale metodar for dataanalyse og datavisualisering. Arbeidsoppgåvene er:

  • Design og gjennomfør eksperiment med generative KI-modellar for å forstå korleis dei produserer narrativ, til dømes ved å finjustere modellar eller bruke eksisterande modellar og bruke kvalitative og reknebaserte metodar for å analysere resultata.
  • Vere medforfattar på ein artikkel som bruker kvantitative eller statistiske metodar for å teste prosjektets hypotese.
  • (Med-)rettleie doktorgradsstudentar som deltek i forskingsprosjektet.
  • Publisere vitskaplege artiklar, samt presentere forsking på vitskaplege konferansar og for allmenta, teknologiindustrien, politikarar og andre relevante partar.
  • Publisere dokumentasjon, kode og datasett i samsvar med retningslinjene for Open forsking.
  • Bidra til å planleggje prosjektverkstader og ta leiinga på å organisere spesifikke arrangement.

Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis. Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg.
Samla postdoktorperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna karrierefremjande arbeidknytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan litteraturstudium, digital kultur, digitale humaniora, berekningslingvistikk, informatikk eller eit liknande område. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkaren må ha noko erfaring med programmering.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Responsibilities

Please refer the Job description for details

Loading...