Ph.d. Stipendiat i fiskeimmunologi

at  Universitetet i Bergen

Bergen, Hordaland, Norway -

Start DateExpiry DateSalaryPosted OnExperienceSkillsTelecommuteSponsor Visa
Immediate20 Dec, 2024Not Specified25 Sep, 2024N/AGood communication skillsNoNo
Add to Wishlist Apply All Jobs
Required Visa Status:
CitizenGC
US CitizenStudent Visa
H1BCPT
OPTH4 Spouse of H1B
GC Green Card
Employment Type:
Full TimePart Time
PermanentIndependent - 1099
Contract – W2C2H Independent
C2H W2Contract – Corp 2 Corp
Contract to Hire – Corp 2 Corp

Description:

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i fiskeimmunologi
Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fiskeimmunologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og er knytt til forskningsprosjektet «Utvikling av mRNA vaksiner for å bekjempe virussykdommer i Atlantisk laks», finansiert av Norges forskningsråd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Virussykdommer er like alvorlig for fisk som for mennesker – og det er svært utfordrande å lage effektive vaksiner som beskytt mot virus anten det er til mennesker eller fisk. Oppdrettsfisk er spesielt utsatt på grunn av høg tettleik i merdane. Meir effektive vaksiner enn dei som er tilgjengelige pr i dag, vil kunne redusere dødelighet blant fisken og dermed bidra til fleire av FN’s bærekraftsmål, inkludert mål nr. 2 som er å utrydde sult. I dette PhD prosjektet, skal vi utvikle ein mRNA vaksine til laks. Vi skal skreddarsy vaksinen til laks, optimalisere enkeltkomponentane i vaksinen og undersøkje korleis laksens immunsystem responderer etter vaksinasjon. Ulike metodar som til dømes in vitro transkripsjon, celle – og transfeksjonsarbeid, flow cytometri, immunfarging, kloning, isolering av leukocytter og in vitro smitte, vaksineforsøk og måling av immunresponser ved ELISA og qPCR vil nyttas i dette studiet.
Dette prosjektet bygg på arbeid i Hauglands forskingsgruppe der vi har utarbeida protokoller for å lage mRNA til laks, samt at vi har gjennomført dei første vaksineforsøka med mRNA vaksine. Kandidaten får jobbe i eit travelt og engasjerande forskingsmiljø med postdoktorar, andre PhDer, i tillegg til master- og bachelorstudentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i molekylærbiologi eller fiskehelse, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan fiskeimmunologi er eit krav
  • Bestått forsøksdyrkskurs (Felasa C) er eit krav
  • Erfaring frå eller kompetanse innan molekylærbiologiske metodar er ein krav,
  • Erfaring frå eller kompetanse innan mRNA teknologi er ein føremon
  • Erfaring frå eller kompetanse innan flow cytometri og immunmerking er ein føremon.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan cellelinjer og transfeksjon er ein føremon.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan vaksinering av laks er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. Prosjektet er tett knytt til fiskerinæringa, og alle møter, samt anna kommunikasjon vil bli gjennomførd på norsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Responsibilities:

Please refer the Job description for details


REQUIREMENT SUMMARY

Min:N/AMax:5.0 year(s)

Information Technology/IT

IT Software - Other

Software Engineering

Graduate

Proficient

1

Bergen, Norway