Stipendiat i analytisk marin kjemi

at  Universitetet i Bergen

Bergen, Hordaland, Norway -

Start DateExpiry DateSalaryPosted OnExperienceSkillsTelecommuteSponsor Visa
Immediate23 Jan, 2025Not Specified25 Oct, 2024N/AGood communication skillsNoNo
Add to Wishlist Apply All Jobs
Required Visa Status:
CitizenGC
US CitizenStudent Visa
H1BCPT
OPTH4 Spouse of H1B
GC Green Card
Employment Type:
Full TimePart Time
PermanentIndependent - 1099
Contract – W2C2H Independent
C2H W2Contract – Corp 2 Corp
Contract to Hire – Corp 2 Corp

Description:

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i analytisk marin kjemi
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan analytisk marin kjemi med arbeidsplass på Havforskningsinstituttet (HI) i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, der 25% av tida kvart år vil bestå av karrierefremmande arbeid relatert til forsking, undervisning, vitskapeleg forvaltningsstøtte og formidling.
Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen (UiB), og er knytt til forskargruppa Framand – og Smittestoff ved HI.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Denne stillinga er ein del av eit strategisk samarbeid mellom UiB og HI som fokuserer på kunnskap for framtidas hav med kontinuerleg innovasjon og digital omstilling til kunstig intelligens og implementering av framtidas teknologi. Det vil vere eit samarbeid mellom forskargruppa for Bioressursar og Farmasøytisk kjemi ved Kjemisk institutt, som forskar på utfordringar knytt til helse og berekraftig marin bioressursbruk ved å utvikle og anvende både syntetiske og analytiske metodar i organisk kjemi, og forskargruppa Framand- og Smittestoff ved HI, som blant anna undersøkjer og dokumenterer innhaldet av framandstoff i det marine miljø, biota, fisk og sjømat.
Samtidig som det er eit vedvarande arbeid å forbetre målretta analysemetodar er det aukande fokus også på bruk av høgtoppløysande massespektrometri (HRMS) for screeninganalyse av mistenkte og ukjente framandstoff som per- og polyfluorerte alkylstoff (PFAS). HRMS genererer store og komplekse datasett som gir moglegheit for ny og djupare innsikt. I denne stillinga vil HRMS baserte metodar brukas for å identifisere organiske framandstoff i sjømat og marine prøver både frå hotspots og marine organismar eksponert for tekniske blandingar av framandstoff. I tillegg vil effektbaserte analyser brukas for å prioritere nye framandstoff identifisert i påverka marine miljø. Resultata vil bli publiserte i vitskapelege tidsskrift og vil inngå i ph.d-avhandlinga.
Ph.D.-stipendiaten vil bidra til følgjande pågåande prosjekt: NFR FEARLESS, EU CONTRAST og NFR ClimeSeafood, i tillegg til vitskapeleg forvaltningstøtte.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller tilsvarande disipliner og må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå praktisk laboratoriearbeid i kjemi er eit krav. Mengda praktisk laboratoriearbeid dokumentert ved masteroppgåva og seinare arbeidserfaring vil bli vektlagt.
  • Praktisk erfaring med bruk av viktige analyseteknikkar som brukas i moderne laboratorium slik som kromatografi, massespektrometri og spektroskopi, og erfaring i målretta analyse ved bruk av desse teknikkane er ein fordel.
  • Erfaring med kromatografi- og massespektrometri-teknikkar som er relevant for screening av mistenkte og ukjente forbindelsar i miljø- og biotaprøver (GC- og LC-Orbitrap. GC- og LC-QTOF) er ein fordel.
  • Erfaring i metodeutvikling og kvalitetssikring er ein fordel.
  • Erfaring med kommersiell programvare for behandling av screeningdata (for eksempel compound discoverer, mass frontier), eller opne kildekodeløysningar som PatRoon, er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i norsk eller i eit skandinavisk språk for å delta i grunnundervisninga.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Responsibilities:

Please refer the Job description for details


REQUIREMENT SUMMARY

Min:N/AMax:5.0 year(s)

Information Technology/IT

IT Software - Other

Software Engineering

Graduate

Proficient

1

Bergen, Norway