Stipendiat i medieviskap - IMAGINE

at  Universitetet i Bergen

Bergen, Hordaland, Norway -

Start DateExpiry DateSalaryPosted OnExperienceSkillsTelecommuteSponsor Visa
Immediate10 Feb, 2025Not Specified11 Nov, 2024N/AGood communication skillsNoNo
Add to Wishlist Apply All Jobs
Required Visa Status:
CitizenGC
US CitizenStudent Visa
H1BCPT
OPTH4 Spouse of H1B
GC Green Card
Employment Type:
Full TimePart Time
PermanentIndependent - 1099
Contract – W2C2H Independent
C2H W2Contract – Corp 2 Corp
Contract to Hire – Corp 2 Corp

Description:

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.
Vi søkjer ein kandidat som er interessert i å forske på haldningar til ny medieteknologi.
Stillinga er knytt til prosjektet Citizen perceptions of AI in everyday media life (IMAGINE), leia av professor Brita Ytre-Arne. Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd for perioden 2025-2028, og er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Oslo (UiO). IMAGINE handlar om korleis folk i Norge oppfattar kunstig intelligens (KI), og studerer endringar i tillit og forståingar i ei tid der KI blir del av medium folk bruker i kvardagen.
Stipendiaten skal ta del i å utforme spørsmål og analysere data frå originale representative spørjeundersøkingar og survey-eksperiment om haldningar til KI, utført i samarbeid med Norsk medborgarpanel. Aktuelle problemstillingar kan handle om å kartlegge kva slags medium folk forbinder med kunstig intelligens, utforske døme frå journalistikk eller politisk kommunikasjon, forstå haldningar til ulik bruk av KI i media, implikasjonar for tillit og truverd, forskjellar mellom sosiale grupper, eller utvikling i haldningar over tid.
Stipendiaten vil bli del av eit dynamisk, inkluderande og tverrfagleg miljø, i IMAGINE-prosjektet og i Mediebruksgruppa ved UiB, som legg vekt på å støtte unge forskarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medievitskap, sosiologi, samfunnspsykologi, statsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Interesse for forskingsmetode er viktig, og dokumenterbar metodekunnskap er ein fordel. Erfaring med analyse av survey-data kan telje positivt, men er ikkje eit krav.
  • Søkjarar bør vere motiverte for å lære seg statistiske analysar og relevant programvare.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Det er ein fordel å forstå norsk eller eit anna skandinavisk språk, men ikkje eit krav.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Kandidatar vert tilrådd å gjere seg kjent med følgjande:

  • Mediebruksgruppa ved UiB: https://www.uib.no/fg/mediebruk
  • Norsk medborgerpanelet ved UiB: https://www.uib.no/medborger
  • Prosjektskildringa for IMAGINE, som kandidatar kan få tilsendt ved å kontakte arbeidspakkeleiar Erik.Knudsen@uib.no

Nokon aktuelle publikasjonar:

  • Ytre-Arne, B., & Moe, H. (2021). Folk theories of algorithms: Understanding digital irritation. Media, Culture & Society, 43(5), 807-824. https://doi.org/10.1177/0163443720972314
  • Knudsen, E. (2023) Modeling news recommender systems’ conditional effects on selective exposure: evidence from two online experiments, Journal of Communication, 73(2) 138–149, https://doi.org/10.1093/joc/jqac047
  • Knudsen, E., Dahlberg, Iversen, Johannesson & Nygaard (2021) How the public understands news media trust: An open-ended approach. Journalism, vol 23 (11). https://doi.org/10.1177/14648849211005892

For stillinga gjeldt følgande:

Responsibilities:

Please refer the Job description for details


REQUIREMENT SUMMARY

Min:N/AMax:5.0 year(s)

Information Technology/IT

IT Software - Other

Software Engineering

Graduate

Proficient

1

Bergen, Norway