Stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources
at Universitetet i Bergen
Bergen, Hordaland, Norway -
Start Date | Expiry Date | Salary | Posted On | Experience | Skills | Telecommute | Sponsor Visa |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Immediate | 03 Feb, 2025 | Not Specified | 04 Nov, 2024 | N/A | Good communication skills | No | No |
Required Visa Status:
Citizen | GC |
US Citizen | Student Visa |
H1B | CPT |
OPT | H4 Spouse of H1B |
GC Green Card |
Employment Type:
Full Time | Part Time |
Permanent | Independent - 1099 |
Contract – W2 | C2H Independent |
C2H W2 | Contract – Corp 2 Corp |
Contract to Hire – Corp 2 Corp |
Description:
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig stilling som ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR) og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CSSR har som mål å bidra til utsleppskutt på norsk sokkel i løpet av det neste tiåret og bidra til betre forståing av komplekse prosessar i undergrunnen. Dette inkluderer CO2-lagring, hydrogenlagring og forsking på andre energiberarar med lågt karbonavtrykk samt effektiv reservoardrenering.
Ph.d.-stipendiaten vil vere knytt til Arbeidspakke 2 i CSSR: Mellombels energilagring. Vi vil undersøke påverknaden av undergrunnsdynamikk og bio-geokjemiske reaksjonar ved kortsiktig energilagring i undergrunnen. For å nøyaktig vurdere effektiviteten av kortsiktig energilagring treng vi ny kunnskap om fysiske prosessar under lagring og uttak. Ph.d.-stipendiaten vil arbeide i ei tverrfagleg forskingsgruppe som studerer hydrogenlagring, men med moglegheit for å utvide til andre former for kortsiktige energilagring. Arbeidet vil i hovudsak vere eksperimentelt, med fokus på strømmingstestar for å måle lagringseffektivitet og avbilde strømming i porøse medium over ulike lengdeskalaer. Ph.d.-stipendiaten vil delta i eit samarbeid mellom NORCE og Institutt for fysikk og teknologi. Vi vil også samarbeide regelmessig med industripartnarar i vårt konsortium og ta aktiv del i eit større profesjonelt miljø innan anvendt forsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i reservoarfysikk, geofag, kjemi, petroleumsteknologi eller eit relatert felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen innan 31.12.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Laboratorieerfaring er eit krav.
- Laboratorieerfaring frå forsking på porøse medium relatert til fysikk og/eller kjemi er ein fordel.
- Kunnskap om væskeflyt og transportprosessar i porøse medium er ein fordel.
- Erfaring med handtering av gass under høge trykkforhold er ein fordel.
- Erfaring frå eller kompetanse innan utføring og tolking av poreskala og/eller kjerneskalaeksperimenter er ein fordel.
- Erfaring med avbilding av væskeflyt som t.d. MRI og biletbehandling ved bruk av Python, MATLAB eller maskinlæring er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Responsibilities:
Please refer the Job description for details
REQUIREMENT SUMMARY
Min:N/AMax:5.0 year(s)
Information Technology/IT
IT Software - Other
Software Engineering
Graduate
Proficient
1
Bergen, Norway